TENESTER

Stemming

Å stemme pianoet regelmessig anbefalast. Då vil resultatet bli betre, og instrumentet vil halde seg stabilt.

Er det lenge sidan sist held ikkje pianoet seg stemt like lenge.


Er det lenge sidan sist?

Det er sjeldant for seint, men krever gjerne litt meir arbeid enn på eit regelmessig stemt piano. Over tid fell tonehøgda (kammertonen bør ligge mellom 440-442 Hz).


Har tonehøgda falle mykje må ein gjere såkalla "opptrekk" (grovstemming) først for å: 

  • få instrumentet opp i riktig tonehøgde, og
  • kunne gi ein finstemming som vil vare

Vedlikehald

Normal slitasje er uungåeleg med tida, og ettekvart kan pedalane byrje å knirke, tangentane sitte fast, ein tone slå dobbelt, eller noko "inni der" lage irriterande lydar. Slikt tar bort mykje av spelegleda. Det er mykje som kan gjerast for å få ei betre speleoppleving.


Dei vanlegaste problema eg møter på ute hos kundar er trege tangentar, og dei kan som regel fiksast rimeleg kjapt.

Som pianoteknikar har ein kunnskapar om mekanikken, og korleis den fungerer. Då kan ein gjere reparasjonar når noko er øydelagt, bytte delar, og utføre service på mekanikken når det trengst.